Styrk ambulansetenesta!

Over heile landet planlegg regjeringas helseføretaka ei sentralisering av ambulansetenesta. Ambulansetenesta er i dag ein sentral del av helseberedskapen i kommunane. Å få hjelp av kvalifisert helsepersonell raskast mogleg, kan bety forskjell på liv og død. Når ambulansetenesta vert sentralisert og responstidene ikkje vert nådd, er det forståeleg at folk reagerer, skriv Kjersti Toppe i eit innlegg på Senterpartiets heimeside.

Det er sjukehusa ved helseføretaka som i dag har ansvaret for ambulansetenesta. Mange stader vert det planlagt for kutt i tilbodet fordi sjukehusa skal spare pengar. I dag fins det knapt ein einaste kommune der helseføretaka innfrir Stortingets vedtekne responstider.  Ei slik utvikling kan Stortinget ikkje akseptere.

Reisetid og avstand til helsetenester er faktisk viktig i akutte situasjonar. Høyre sin Helseminister, Bent Høie, burde derfor være djupt bekymra for det som no vert planlagt for i hans eigne helseføretak.  Sentralisering av ambulansetenesta skjer samstundes som fastlegeordninga og dermed legevaktordninga i mange kommunar er i krise. Om ikkje sentraliseringa vert stoppa, vil det gå ut over dei  helsetenesta er til for, nemleg pasientane.

Direktørar i helseføretaka viser til at akuttberedskap i kommunane kan bli ivaretatt på nye måtar. Det er tida til ein  får kvalifisert hjelp som er viktig, ikkje tida ambulansen brukar. Det er sant. Men vi veit at legevaktene også er sterkt sentralisert dei siste årene. Folk får lengre og lengre reisetid også til denne tenesta. At sjukepleirar på sjukeheimar og  frivillige brannmenn vert kursa i akuttmedisin,  er eit godt supplement. Men problemet er når desse erstattar ambulansar og legevakt.

Mange kommunar opplever ein sterk auke i helseoppdrag. Rådmannen i ein  kommune i Hallingdal fortalte meg nyleg at 60 prosent av utrykkingane i brannvesenet i kommunen no var helseoppdrag. Kommunelegen fortalte om fastlegar som måtte sende ganske så sjuke pasientar i taxi, berre for å unngå å svekke beredskapen ytterlegare ved å sende ambulansen ut av distriktet. Dette er nok ikkje unikt for Hallingdal.

Ei slik utvikling, der brannvesenet blir det nye helsevesenet ved akutt sjukdom , kan ikkje seiast å vere eit framskritt. Det er ei svekking av  den medisinske akuttberedskapen vår.  Ambulansetenesta er fagleg  styrka dei siste åra, som eit resultat av nye kompetansekrav og forskrifter. At ei styrka ambulanseteneste i neste omgang skal sentraliserast, er uakseptabelt.

Difor har Senterpartiet  fremma forslag til Stortinget om å styrka det akuttmedisinske tilbodet utanfor sjukehus. Forslaget kjem til behandling denne hausten. Vi krev lovfesta  responstider for ambulansetenesta. Staten må slutte å skuve sitt ansvar for helseberedskapen i samfunnet over på kommunane. Berre fordi at de sjølv skal spare pengar. Høie og regjeringa må vakne: Ein gamblar ikkje med akuttberedskapen i lokalsamfunna våre.

Les heile innlegget her

Print Friendly, PDF & Email

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.