Hopp til hovedinnhold


Ambulansetenesta får ny, framtidsretta base

–Når bygget på Leira er ferdig renovert i mars 2019 får ambulansetenesta ein skreddarsydd base sentralt i Høyanger, seier områdeleiar Kjartan Heggø til Ytre Sogn.
– Det betyr slutten på utrykking gjennom bustadfelt med smale og bratte vegar ned frå Høgebakkane der basen er no. Vinterstid er ikkje denne vegen blant dei mest prioriterte når det kjem til snøbrøyting, så tidsforskjellen på utrykkinga kan i verste tilfelle bety forskjellen mellom liv og død for pasientar som treng rask behandling, seier Kjartan Heggø, som er områdeleiar for Høyanger, Lavik og Fjaler, eitt av seks ambulanseområde i Helse Førde.
Helseføretaket har inngåt leigeavtale med byggeigar Leira Nøringspark som er på ti år, med opsjon på fem år.
Les hele saken hos Ytre Sogn