Hopp til hovedinnhold


Legevaktordning svekka etter ferjehavari

Paradoksalt nok blei likevel reisevegen kortare for dei to pasientane med røykskadar som måtte til legevakt i nabokommunen Strand. Ordføraren her krev nå ein gjennomgang av beredskapen i Lysefjord-området, skriv NRK Rogaland.
Det var fredag kveld 17. august det blei kraftig røykutvikling i turistferja MF «Eid» etter varmgang i motoren.
Alle dei 54 personane om bord måtte evakuerast, og ferja som vanlegvis trafikkerer over Høgsfjorden, MF «Finnøy», blei innstilt. Den måtte trø til som slepefartøy då turistferja skulle bli frakta ut av Lysefjorden.
Med det blei den raskaste bilvegen til Sandnes, byen Forsand har legevaktsamarbeid med, sett ut av spel. To av dei evakuerte personane blei også frakta til legevakta på Jørpeland i Strand, i staden for Sandnes.

– Ferja er eit kritisk punkt

Kanskje inga ulempe for pasientane. For reisetida til legevakta i Strand frå Oanes, der dei evakuerte blei frakta til, er på om lag eit kvarter. Med ferje og ambulanse til Sandnes, ville reisetida til Sandnes legevakt blitt om lag det firedoble, altså ein times tid.
Dette får Strand-ordførar Irene Heng Lauvsnes (H) til å stilla spørsmål kring legevaktsamarbeidet til nabokommunen.
– Dette viser at ferja er eit kritisk punkt når det gjeld legevakta i Sandnes. Men vår legevakt ligg berre 16 minutt frå Forsand sentrum, og me hjelpte til denne gongen.
– Kva tenker du om beredskapen i området med dette eksempelet?
– At me har meir å jobba med når det gjeld beredskap. Ferja var berre ein fjerdedel inn i Lysefjorden. Hadde den vore heilt inne i fjorden, i Lysebotn, er avstanden i luftlinje til legevakta i Sandnes om lag tilsvarande Haugesund-Sandnes, eller Moi-Sandnes, illustrerer ordføraren.
Les meir om saka hjå NRK