Hopp til hovedinnhold


Kranglar om 250 millionar – trekkjer seg i protest

Krangel om kva ein kvart milliard kroner skal brukast til, gjer at tillitsvalde i Stiftinga Norsk Luftambulanse trekkjer seg i protest, melder NRK Sogn og Fjordane.
– Ovanfor gjevarane kan vi ikkje gå god for at midlane blir brukt rett, seier avgått leiar i regionrådet i vest, Stein Atle Puntervoll.
Stiftinga Norsk Luftambulanse eig Norsk Luftambulanse som driv alle legehelikopterbasane i landet, på oppdrag frå staten.
Årleg samlar stiftinga inn 250 millionar kroner frå vel 400 000 gjevarar.
I år feirar organisasjonen 40- års jubileum. Regionråda skal vere grasrota si røyst i stiftinga. Men no trekkjer rådet for Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane seg.
– Når ikkje vi har forståing for vegvala som leiinga gjer, så forstår eg heller ikkje at dei mange gjevarane har det, seier Puntervoll.

Brukar innsamla midlar på forsking

I ein e-post forklarar dei fem rådsmedlemmene, samt leiar i valkomiteen, kvifor dei trekkjer seg.
Regionrådet meiner dei får ei einsidig rolle med innsamling av pengar. Regionapparatet har blitt fjerna. Arrangement om trafikktryggleik har blitt nedlagde, i fylgje regionrådet er det dei sentrale aktivitetane som blir prioritert.
Dei meiner også at stiftinga ikkje prioriterer nok å utvikle kvalitet i luftambulansetenesta. I staden skal pengane gå til forskingsprosjekt og doktorgradsprogram.

Vi har gått frå å vere medlemer til å bli gjevarar

Marita Aarvik har vore aktiv i 24 år, og har til no vore nestleiar i regionrådet.
– Arbeidet har vore ein livsstil, det er forferdeleg trist.
Styreleiar i Stiftelsen Norsk Luftambulanse Knut Oscar Fleten seier det er leit at regionrådet trekkjer seg.
– Dei har gjort ein fantastisk jobb, men vi må respektere konklusjonen. Frivilligapparatet vårt er forankra i fem regionar, der region Vest er ein av dei. Vi har ein veldig oppslutning om vegvala frå dei andre fire regionane.
Les meir om saka hjå NRK