Hopp til hovedinnhold


Helsetilsynet: – Braut lova då dei sendte nedkjølt mann til feil sjukehus

Helse Møre og Romsdal får kritikk fordi dei ikkje sendte ein nedkjølt mann til Trondheim. Etter at to 9-åringar drukna for åtte år sidan vart prosedyrene for nedkjølte pasientar endra, men det visste ikkje helsepersonellet som behandla mannen. Det skriv NRK Møre og Romsdal.

Bakgrunn: Granskes for nytt «Karihola-tilfelle»
2012: Ny prosedyre er ennå ikke klar
2017: Ny retningslinje klar - 7,5 år etter Karihola-ulykken. Ingen tar ansvar for tidsbruken
I februar i år vart ein mann i 50-åra sendt til Molde sjukehus med ein kroppstemperatur på 23 grader. Etter prosedyrane til helseføretaket skulle mannen ha blitt sendt rett til St. Olavs hospital i Trondheim. Statens helsetilsyn har granska saka og i ein førebels konklusjon seier dei at Helse Møre og Romsdal braut spesialishelsetenestelova, fordi retningslinene ikkje vart følgt.

Huska ikkje at det fanst prosedyrar

I rapporten frå helsetilsynet står det at det var minst 10–15 personar som var involverte i behandlinga av mannen. Ingen av dei huska eller visste at det fanst prosedyrar som sa at alvorleg nedkjølte pasientar skulle sendast vidare til Trondheim. Det var ein sjukepleiar som kom på vakt seinare som kom på at det fanst prosedyrar.
Etter mange telefonar til St.Olavs hospital, som først ikkje ville ta imot pasienten, vart han sendt dit med luftambulanse, ifylgje rapporten.
Tidligere: Nå kommer reglene for behandling av nedkjølte barn – i Helse Midt-Norge

Les også: Seks år siden Karihola – sier nei til nasjonale retningslinjer

Den førebelse konklusjonen frå Statens helsetilsyn er at helseføretaket ikkje har tatt god nok lærdom av Karihola-ulykka.
Les også: Systemsvikt ved aksidentell hypotermi kan skje igjen
Mer: Rapporten til Statens helsetilsyn fra 2011
– Vi ser svært alvorleg på føretaket ikkje har fullført det forbetringsarbeidet dei opplyste til Statens helsevesen at dei ville gjennomføre etter Karihola-ulykka i 2010, står det i rapporten.
Les meir om saka hjå NRK