Hopp til hovedinnhold


Ambulansekabalen skal leggast på nytt: – Eg kjenner på ei uro

– Tryggleik er noko av det viktigaste eit menneskje treng, skriv Trude Klingenberg, som krev svar frå Helse Førde om korleis dei planlegg å organisera ambulansetenestene i framtida i eit innlegg i Porten.
Lenge har eg hatt ei aning om at ambulansetilbodet i fylket vårt kan bli endra. Dette fekk eg bekrefta då eg såg saklista til kommunestyremøtet 31 mai: «Høyringssvar til rapport Prosjekt prehospitale tenester – fase 1».
Då eg las rapporten fekk eg ei kjensle som minna meg om regionreforma. Ho kom bust på og var vanskeleg å stoppa, for forarbeidet var allereie gjort!

Har slipt sparekniven lenge

Det kjem ikkje som ei overrasking at Helse Førde no skal spara pengar. Som kommunestyrerepresent kjenner eg godt til «alle må ta sin del, for at endane skal møtast». Og det er gjort ein grundig jobb med rapporten om prehospitale tenester. Det kan verka som Helse Førde har hatt dette i tankane lenge, og det skal heller ikkje forundra meg at dei allereie veit korleis den framtidige organiseringa skal sjå ut!
Eg er ein stor tilhengjar av Google. Der kan ein faktisk finna mykje interessant om ein tek seg tid til å leita etter det ein ynskjer svar på.
Lat meg presentera nokre utdrag av eit referat frå eit møte mellom Helse Førde og Sogn regionråd 16. januar 2017:

  • «Sogn regionråd er uroa for signala om at det kan bli endringar i ambulansetenesta som gjer at beredskapen blir svekka».
  • «Klinikkdirektør Helge Robert Midtbø orienterte om korleis ein freista å organisera ambulansetenestene til beste for innbyggarane mellom anna ved å bygge gode robuste kompetansemiljø, som også kan virke rekrutterande i høve nøkkelpersonell»
  • «Helse Førde HF ønsker å invitera kommunane i fylket til å vera med i prosessen med å planlegge/drøfte korleis ein kan arbeide vidare med ambulanseplanen for Sogn og Fjordane. Ein ønsker å «tenke nytt» saman med kommunane i høve til kva oppgåver/funksjonar ambulansane bør/kan ha i framtida».

Tre spørsmål

Eg har sett igjennom rapporten på 175 sider. Eg kjenner ei uro for at kommunane kan få fleire og fleire oppgåver. I juni 2017 fortel ambulansesjefen i Helse Førde til Porten.no at det ikkje er snakk om å innføra «akutthjelparar» som erstatning for ambulansestasjonar.
Men i rapporten er det eit punkt som heiter: «Prosjektet tilrår å etablera akkutthjelparordningar i alle kommunar, men særleg der vegen til legevakt og sjukehus er lang».
Les heile innlegget hjå Porten