Hopp til hovedinnhold


Støttar ambulansestasjon ved sjukehuset

Ørsta kommunestyre seier samrøystes ja til å støtte ein ambulansestasjon ved Volda sjukehus, melder Møre-Nytt (krev innlogging).
Det gjeld også den framtidige legevakta.

Bakgrunnen for saka er at Arbeidstilsynet har påpeikt manglar ved noverande ambulanselokalisering ved Volda sjukehus. Dette har medført at Helse Møre og Romsdal tek sikte på å gå ut med eit tilbod for å finne nye og eigna lokale til ambulansestasjon i rimeleg nærleik til sjukehuset.
Tilrådinga frå Helse Møre og Romsdal er at noverande ambulansestasjon bør flyttast til eit område nærare Ørsta og at det er ein stor fordel å samlokalisere ambulanse- og legevakt stasjonar.

Dette har fått alarmklokkene til å ringje både i Ørsta og Volda kommunar. Det er ei frykt for at eit slikt tiltak vil svekkje akuttfunksjonen til sjukehuset.
Difor har rådmennene i Ørsta og Volda kome fram til ei sams tilråding, der det vert kravd at både ambulansestasjon og legevakt skal vere knytt til sjukehuset.

Les meir om saka  hjå Møre-Nytt (krev innlogging)