Hopp til hovedinnhold


Helse Førde: - Vi har ikkje krav til responstid

Vi har målsetjingar til responstid og bryt ingen krav, understrekar kommunikasjonsdirektør Terje Ulvedal i Helse Førde, skriv Firdaposten.
 Tidligere: Eitt av fem ambulanseoppdrag i Gloppen nådde ikkje fram innan fristen
Helse Førde arbeider for tida med ny prehospital plan. Det handlar om dei helsetenestene som blir utførte før pasienten kjem inn på sjukehus. Mykje av dette livsviktige arbeidet foregår i ambulansetenesta.
Vi arbeider mot tilrådde mål, presiserer Ulvedal i Helse Førde. Dei ligg kring midt på treet når det gjeld målingar av responstid i blant alle helseforetaka.
Les meir om saka hjå Firdaposten