Bannerannonse

Nye avtalar for legevakta

Kvinnherad kommune førebur ei fornying av avtalar for telefontenesta i legevaktordninga, melder Kvinnheringen.

Ringjer du nummeret til legevakta, 53 47 33 00 eller 116117, kjem du vanlegvis til ein sjukepleiar på legevakta på Husnes helsesenter. Dersom det ikkje er helsepersonell til stades der, vert telefonen styrt vidare til kvalifisert helsepersonell på Stord sjukehus. Dette er ein avtale som har gått nokre år, og som kommunen betalar for til Stord sjukehus/Helse Fonna. Tida er inne for å fornya avtalen, og denne gongen ønskjer kommunen å samarbeida med Tysnes kommune om ein felles tilbodskonkurranse.

Les mer om saken hos Kvinnheringen.

Print Friendly, PDF & Email

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.