Hopp til hovedinnhold


Kvifor set ikkje Helse-Noreg pris på sjukepleiarar i ambulansen?

Sjukepleiarar i ambulansen nytter både kompetanse, klinisk blikk og erfaring frå sjukepleiaryrket, men får ikkje lønn eller pensjon som sjukepleiar, skriver Magnar Skorven, ambulansearbeider og sjukepleiar i Helse Førde i Sykepleien.
Les også: Sykepleier i ambulanse - må jobbe fem år lenger enn kollegaene før han kan pensjoneres
Ambulansetenesta i Noreg er lagt opp slik at kravet for å jobbe i tenesta er fagbrev. Dette er ei yrkesfagleg utdanning på vidaregåande skule. Mange av dei som kjem frå denne utdanninga, er unge og sårbare. Ambulansejobben er eit yrke der ein aldri veit kva som vil skje i løpet av vakta. I løpet av ei vakt kan oppdraga variere frå det mest dramatiske til ei heimkøyring av ein ferdigbehandla pasient.
Ein skulle difor tru at det er gunstig for tenesta at sjukepleiarar med ulik grad av erfaring frå både sjukehus og kommunalhelsetenesta ynskjer å jobbe prehospitalt. Mange har fått solid og lang kompetanse innanfor feltet og har i tillegg tatt fagbrev som ambulansearbeidar. Ein ser òg at Helse-Noreg er ivrig etter å rekruttere frå denne gruppa. Det som kjenneteiknar desse sjukepleiarane, er at dei brenn for yrket sitt og er stolte over arbeidsplassen sin.
Så kvifor set ikkje Helse-Noreg pris på sjukepleiarar i ambulansen? Vi nytter både kompetanse, klinisk blikk og erfaring frå sjukepleiaryrket i handteringa av pasientar både i heimen og i bilen under transport, men får ikkje lønn som sjukepleiar. Og den kompetansen og erfaringa er ikkje noko vi kan legge frå oss når vi byrjar å jobbe i ambulansen.

Ikkje ein eigen autorisasjon

Mange unge ambulansearbeidarar tar i dag vidareutdanning enten som sjukepleiar eller innan paramedisin. Paramedisin er ei ny utdanning innan ambulanseyrket på bachelornivå. Kva lønn tenker ein at desse skal få?
Pensjon er det mykje snakk om i desse dagar. Pensjonsalderen for ambulansearbeidarar er i dag seksti år. For dei som er både ambulansearbeidarar og sjukepleiarar, er pensjonsalderen sekstifem år. Dette er på grunn av at lovverket seier at sjukepleiarar skal ha pensjonsalder på sekstifem år, og det er den høgste autorisasjonen som gjeld.
Skal ein få pensjon som ambulansearbeidar, må ein altså seie frå seg autorisasjonen som sjukepleiar. Er det rett at ein sjukepleiar skal få lønn som ambulansearbeidar og pensjon som sjukepleiar? Kan det tenkast at lovgivar har tenkt at ein sjukepleiar som jobbar med pasientar, er sjukepleiar uansett om han eller ho jobbar inhospitalt eller prehospitalt?

Lokke med lønn?

Fleire plassar i Helse-Noreg rullerer AMK-personell inn i ambulansen. Dette er stort sett sjukepleiarar, og desse får sjølvsagt sjukepleiarlønn.
Diverre har det vore ein del motstand mot at sjukepleiarar i ambulansen skal få sjukepleiarlønn. Argumenta har ofte gått på lik lønn for likt arbeid, og at det er lite eller inga akuttmedisinsk utdanning på sjukepleiarhøgskulane.
Eg kan ikkje sjå at nokon av desse argumenta held vatn. Ja, arbeidet er likt, men ein kan gjere ein betre jobb for pasientane med høgare kompetanse. Og det at ein ikkje har mykje opplæring i akuttmessige prosedyrar i sjukepleierutdanninga, er ikkje det same som at ein ikkje har fått opplæring i akuttmedisin. Kva kan vi gjere for å bryte ned denne motstanden og sørge for at sjukepleiarar i ambulansen får lønn som sjukepleiarar?
Les heile innlegget i Sykepleien