Hopp til hovedinnhold


Vil teste ny legevaktmodell

– Vi har ikkje noko val. Dagens legevaktordning er ikkje berekraftig og vi må finne andre løysingar. Det slo Tom Joensen fast i siste formannskapsmøtet 26. april og fekk eit einstemmig formannskap med seg på å søke om å bli med i eit pilotprosjekt i regi av Helsedirektoratet for utprøving av ein ny legevaktmodell for distriktskommunar, skriv Firdaposten. (Krev innlogging)
– Legane i Bremanger har alt for høg vaktbelastning og dette vil stoppe av seg sjølv, slo Joensen fast og forsterka bodskapen frå kommunalsjef for helse og omsorg, Randi Ytrehus.

Pilotprosjektet går ut å organisere den akuttmedisinske beredskapen utanom fastlegane si kontortid på tre nivå.

Nivå 1- Sentral legevakt med rådgjevande lege som fungerer som bakvakt for alle i regionen.

Nivå 2- Regionale legevaktstasjonar med lege og sjukepleiar.

Nivå 3: Legevaktsatelitt: Kommunal sjukepleiar med arbeidsstad på sjukeheim eller heimesjukepleie, ambulansepersonell og bruk av video/bildekonferanse med legevakta. Her kan ein bruke personell som er på vakt i kommunen uansett, men det vil stille sterkare krav til å vere fagleg oppdatert på akuttmedisin.

Ambulanse viktig

Charlotte Skjølberg (SV) streka under at ambulansane i distrikta ikkje må takast vekk.

– Helse Førde har no stoppa fase 2 i vurderinga av prehospitale tenester på grunn av dette moglege pilotprosjektet, forsikra kommunalsjef Ytrehus.

Det betyr at vurderinga av behovet for ambulansar i distrikta blir utsett i påvente av kva som kan komme ut av pilotprosjektet.

Les meir om saka hjå Firdaposten (krev innlogging)