Hopp til hovedinnhold


Utvikla smart terrengbåre i felleskap

Husnes ambulansestasjon i Helse Fonna har i lag med HMR Husnes utvikla ei lett og svært tenleg båre til bruk i terrenget, skriv Kvinnheringen (krev innlogging).
Å bera ei båre med ein person på er tungt arbeid. Er det tale om ein uheldig turgåar som ikkje er i stand til å gå sjølv, og helikoptertransport er utelukka på grunn av vêr eller anna, må dei gode hjelparane av og til bruka båre. Det kan vera både tungt og vanskeleg på smale stiar og i ulendt terreng. Det finst terrengbårer å få kjøpt, men dei er tunge og dyre, rundt 60.000 kroner, fortelambulansearbeidar Jarle Larsen. Han byrja å fundera på korleis ei terrengbåre kunne lagast på ein enkel måte. Kollegaene Egil Prestnes og Petter Nernes var òg med på idédugnaden.
– Så tok eg med meg ei båre og eit sykkelhjul til HMR Husnes, og der tok dei utfordringa på strak arm, smiler Larsen.
Sigve Røssland, som er formann ved HMR Husnes, likte oppgåva han fekk i nevane. Både hjulet og hjulunderstellet kan demonterast på eit halvt minutt om ein ønskjer det, men til vanleg blir terrengbåra lagt opp-ned på den vanlege båra i sjukebilen. Er det ikkje bruk for spesialbåra, blir den berre sett til sides og henta igjen seinare.
Larsen er svært glad og takksam for jobben HMR har gjort.
– Det er utruleg kjekt når eit lokalt firma stiller opp for oss på denne måten. MX Sport skal òg ha takk som gav oss hjulet. Me vurderer elles å skaffa oss eit hjul til med breiare dekk til å takla ekstra blautt underlag.
– De har på ein måte funne opp hjulet på nytt i lag?
– Ja, i grunnen, smiler Larsen og Røssland.
Larsen fortel at terrengbåra er testa i skogsterreng og den fungerer svært bra. Ideelt må det vera seks personar for å frakta ei båre med ein person på på ein trygg måte: Ein person i kvar ende, og to på sidene. Likevel er det ein tung og vanskeleg jobb i ulendt terreng. Men med eit hjul under letnar jobben betrakteleg.
– Eg trur denne båra sparar 60–70% løfting, seier Larsen.
Les meir om saka hjå Kvinnheringen (krev innlogging)