Hopp til hovedinnhold


Helse Møre og Romsdal: Ambulansestasjonar kan bli flytta

Ambulansestasjonar på Sunnmøre kan bli flytta for å nytte ressursane betre. Mellom anna kan det kome ny stasjon i Ålesund sentrum. Det skriv Sunnmørsposten. (Krev innlogging)

Det kjem fram i ei fersk beredskapsanalyse forambulansetenesta i Midt-Norge, som er utført for Helse Midt-Norge. Rapporten analyserer responstid og ressurstilgjenge fram mot år 2030, og skal vere eit verktøy for helseføretaka som har driftsansvaret forambulansetenestene.

Endringar

Rapporten vurderer om dagens ambulansestasjonar er plassert på beste måte for å møte oppdragsmengda i framtida, og kjem med fleire konkrete endringar for å nytte ressursane på ein betre måte fram mot 2030.

  • Ambulansestasjonen i Volda vert flytta til Ørsta.
  • Geiranger vert fjerna og erstatta med ei ny løysing.
  • Stasjonen på Stranda vert flytta lenger opp i Strandadalen.
  • Ålesundområdet: Nye stasjonar ved Mauseidvåg og i Ålesund sentrum erstattar dagens stasjonar på Lerstad, Fiskarstrand og Valderøy.

Stasjonane er her plassert slik at dei samla sett vil rekke ut til flest mogleg hendingar med hastegrad «akutt». Analysen ser ikkje ut til å ta høgde for eventuelle beredskapsvurderingar som til dømes stengde tunnelar. Analysen skal fungere som verktøy for helseføretaka som avgjer ambulansestrukturen.

Økonomi

Det som uansett synest klart er at det er – og vil vere – dyrt å dekke opp Møre og Romsdal med ein trygg ambulansestruktur.
Les meir om saka hjå Sunnmørsposten (krev innlogging)