Hopp til hovedinnhold


GulenSkyss landa storkontrakt til verdi av 110 millionar kroner: Skal drifte landets mest brukte ambulansebåt

Skal drifte ambulansetransporten i Sunnhordlandsbassenget, melder Nordhordland.

Driftsleiar Daniel Olai Kvernøy er godt nøgd med at GulenSkyss denne gongen blei fyrstevalet i anbodskonkurransen til Helse Vest om drifta av ambulansetransporten i Sunnhordlandsbassenget frå 1. april 2019.

Sykehusinnkjøp HF har på vegne av Helse Vest lyst ut ein konkurranse om døgnkontinuerleg drift avambulansebåt som skal brukast tilambulansetransport og pasientreiser i Sunnhordalandsbassenget frå 1. april 2019.

Anbodskonkurransen frå Helse Vest var lyst ut allereie hausten 2016. Og GulenSkyss var på bana den gongen også, men blei den gongen ein god nummer to av tre tilbydarar.

ambulansebåten som vann ikkje oppfylte krava til Sjøfartsdirektoratet, blei vinnande tilbydar klaga inn. Helse Vest måtte inngå midlertidig kontrakt med eksisterande operatør, og hausten 2017 kunne dei lyse ut konkurransen på ny.

Største ambulansesambandet i Noreg

– Dette er den mest brukte ambulansebåten i Noreg, med 1500 oppdrag i året. Kontrakten er på seks år fast, med opsjon på 2+2 år. Så her snakkar me altså mest truleg om ein tiårs-kontrakt, seier Kvernøy.

Les mer om saken hos Nordhordland (krever innlogging)