Hopp til hovedinnhold


Skada seg stygt rett utan for Haukeland, måtte vente over ein halvtime på hjelp

– Skal du falle, ja så gjer det for guds skuld ein annan stad enn på Haukeland sjukehus, skriv Vibecke Beyer på Facebook. Det melder Stord24.

– Du trur kanskje det er hell i uhell å gjere skade på eit av landets største sjukehus. Tru om igjen, skriv Beyer i eit Facebook-innlegg.
Måndag hadde næringslivsleiaren frå Stord nemleg ein svært utriveleg oppleving då ho gjekk saman med faren sin rett utanfor Haukeland sjukehus. Faren hennar fall på ein asfaltkant og slo seg kraftig.
– Han var bevisst men slo seg i hovudet, ansikt, skulder, ribbein og kne. Pappa var i store smerter og kunne ikkje bevege seg. Han hadde ikkje sjanse til å reise seg og ligg urørleg på bakken.
Ein forbipasserande stoppar for å hjelpe, og vakta på sjukehuset blir umiddelbart kontakta. Det kjem ein sikkerheitsvakt ut med ein rullestol, men smertane til faren er for store. Beyer ber om å kome tilbake med ein båre.
Etter 15 minuttar kjem sikkerheitsvakta tilbake og fortel at han har gitt beskjed. Men tida går, og det kjem framleis ikkje noko hjelp. Faren blir liggande på den iskalde asfalten og blir stadig meir fortvila.
– Det er gått 30 minuttar. Pappa ligg 25 meter frå inngangen til landets største sjukehus. Eg kan sjå inngangen, men ingen der inne klarar å sørgje for han.
Til slutt kjem det endeleg ein portør og fraktar mannen inn på akuttavdelinga.

– Leit å lese

Avdelingssjef for akuttmedisinsk avdeling, Øyvind Østerås vedgår at personellet på sjukehuset ikkje gjorde ein god nok jobb.
– Når eg les dette innlegget må eg seie det er leit å lese på vegner av Helse Bergen. Dette er ikkje sånn det skal vere, og me har ikkje gjort ein god nok jobb. Eg har teke initiativ til å sjå på rutinane våre for å sørgje for at liknande tilfelle ikkje skal skje igjen.
Østerås fortel at når sikkerheitsvakta først tok kontakt med AMK-sentralen så tok det 11 minuttar til faren til Beyer blei frakta inn på akuttmottaket. Den næraste tilgjengelege ambulansen kom heilt frå Fana.
Likevel erkjenner Østerås at hendinga burde vore løyst utan at ambulanse vart involvert.
Les meir om saka hjå Stord24