Hopp til hovedinnhold


Halv beredskap i vinterferien

At Helse Førde sin ambulanseteneste skal kutte beredskap har blitt gjenstand for kritikk, skriv Fjordingen (krev innlogging).
Bakgrunn: Ambulansetenesta i Stryn blir halvert i delar av året
Det er veke nummer 08 (vinterferien) 11, 15, 19, 35, 38, 41 og 47 at ambulansetenesta i Stryn får redusert beredskap. Helse Førde vil altså fjerne dagbilen desse vekene for å spare mellom 1,6 og 1,8 millionar kroner.
Tillitsvald i fagforbundet Ambulansetenesta i Sogn og Fjordane, Leiv Johnny Fjellro,krev ein Risiko og sårbarheitsanalyse (ROS) før beredskapskutt. Han meiner at årsaka til kutta er innsparingar, og avviser ambulansesjefen sin påstand om at forklaringa og heng saman med «manglande kompetanse».
Ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov seier framleis at årsaka er samansett av økonomi og nye og skjerpa kompetansekrav. Sægrov presiserer at problemet ikkje er knytt til mangel på kompetanse blant dei faste tilsette.
– Nye kvalifikasjonskrav gjer tilgangen til kvalifiserte vikarar mindre enn tidlegare. Vi planlegg difor drifta med bruk av færre vikarar. Innsparingskrava ville uansett ha påverka dette, seier Sægrov.
Ambulansesjefen seier at ROS-analyse alt er gjort.
Les meir om saka hjå Fjordingen (krev innlogging)