Hopp til hovedinnhold


Gut (3) overlevde 45 minutt under snøen

Tre gutar på tre, sju og 17 år blei søndag fanga av eit snøras i Hunnedalen. Alle overlevde. Far trur ein pulk var redninga for barnet som låg lengst under snøen, skriv Bergens Tidende.
To brødre på sju og tre år, far, mor, samt ein far og hans 17 år gamle son opplever marerittet i Hunnedalen. 17-åringen har den tre år gamle guten i pulk. Brått hamnar dei fleire meter under snøen.
Ein av dei skal ligge der i nesten 45 minutt før han blir funnen.
Erikson sin sju år gamle son blir raskt funnen, gravd fram og brakt til ei hytte like ved. «Det letes på måfå etter de to siste savnede», skriv faren. Etter 15 til 20 minutt finn dei 17-åringen, medvitslaus, nedkjølt, men i live.
To meter under snøen ligg tre-åringen. Det har gått nesten 45 minutt då han blir funnen. Han er blå og gret når dei løftar han opp.
Etter kvart kom Røde Kors og frakta dei med snøscooter og pulk til eit Sea King-redningshelikopter som venta på parkeringa til Røde Kors. Vidare blei dei frakta til sjukehuset. 17-åringen har no fått konstantert eit lite brot i ryggen. Alle er utskrivne frå sjukehus og heime igjen. I pressemeldinga kjem familiene kjem med ei stor takk:
«Familiene ønsker å takke fantastiske hyttenaboer som gjorde en uvurderlig innsats for å redde våre liv, uten de hadde nok ikke utfallet vært så godt som det er i dag.
Vi retter også en stor takk til Røde Kors, Sea King og sykehuset for en fantastisk oppfølging».
Les meir om saka hjå Bergens Tidende