Hopp til hovedinnhold


Ambulanseberedskapen i Stryn blir halvert delar av året

Mangel på kompetanse og pengar er årsaka til redusert ambulanseberedskap i heile fylket i 2018, skriv Sunnmørsposten (krev innlogging).
Stryn er det i dag to ambulansar i beredskap, ein såkalla døgnbil og ein dagbil. I seks veker i 2018 vil det berre vere ein døgnbil i Stryn.
Heile fylket vil få svekka beredskap i 2018.
Ambulansesjef Stian Sægrov i Helse Førde seier forklaringa er samansett.
– Økonomi er eit aspekt, men frå 1. mai 2018, utløper overgangsordningar for nye og skjerpa kompetansekrav. Dette har vi måtte planleggje ut frå, seier Sægrov.

Klarer ikkje å møte krava

Han forklarar at kvar ambulanse skal ha to personar med helsefagleg autorisasjon. Minst ein av desse skal ha autorisasjon som ambulansearbeidar. Det er og skjerpa krav til førarkortkompetanse for begge på eit utrykkingskøyretøy.
Dette er krav Helse Førde ikkje kan innfri i dag.
– For å stette desse krava, har vi måtte planlegge å redusere beredskap på enkelte av dagbilane, både for å optimalisere bruk av eigne tilsette i tillegg til å redusere bruk av vikarar, forklarar han.
Sægrov understrekar at tiltaket gjeld for 2018, og gjeld fleire stasjonar i fylket. Han kan ikkje uttale seg om grad av beredskap i åra som kjem.
Tiltaket skal spare Helse Førde for mellom 1,6 og 1,8 millionar kroner.
Les meir om saka hjå Sunnmørsposten (pluss sak)