Hopp til hovedinnhold


Ny metode kan redusere skadane ved hjerneslag

Behandling av hjerneslag med ultralyd kan fjerne blodproppen raskare og pasienten kan bli fortare frisk. Nytt forskingsprosjekt kan føre til at behandlinga blir vanleg for slagpasientar, skriv NRK Telemark.

Marit Bjerkelund er ein av pasientane som er med i forskingsprosjektet som blir leia av Haukeland universitetssjukehus i Bergen. No er ho inne til kontroll seks månader etter at ho merka hjerneslaget heime på Ulefoss.
– Eg merka at eg blei så søvnig, men skjønte ikkje heilt kva det var.
Men etter kvart kjente ho symptoma på at det kunne vere eit hjerneslag. Ho ringde 113 sentralen, og blei køyrt i ambulanse til Sjukehuset Telemark.

Blei behandla med ultralyd

CT bilete blei tatt etter tre minuttar og det blei konstatert blodpropp i hjernen. Dei første medisinane mot blodproppen blei gitt etter 17 minuttar.
I tillegg blei Marit Bjerkelund med i gruppa som blir behandla med såkalla sonotrombolyse etter 45 minuttar.
– Vi kan sjå det med ultralyd at blodstraumen kjem tilbake, og nokon gonger ser vi at funksjonar i kroppen kjem tilbake og blir normale, seier overlege Håkon Tobro.
Han fortel at fleire små tidlegare studiar tyder på at tre gonger så mange får oppløyst blodproppen i hjernen med sonotrombolyse og at dobbelt så mange klarer seg sjølv tre månader etter slaget.
Forskingsprosjektet går ut på å bruke ultralyd i behandlinga.
– Ultralyd blir sendt gjennom skallen og hamrar laus på blodproppen og hjelper til med å løyse den opp saman med den kjemiske væska. Klarar vi å løyse opp proppen, så strøymer blodet fritt og hjernen kan overleve, seier professor Lars Thomasse, leiar for Nevrovaskulær Forskningsgruppe ved Nevrologisk avdeling, Haukeland Universitetssykehus.
Thomassen meiner ultralyd kan vere eit behandlingstilbod for dei som bur for langt unna eit Universitetssjukehus til at dei kan få noko effektiv fisking av blodproppen.
Les mer om saken hos NRK