Hopp til hovedinnhold


Nordhordland legevakt får refs av fylkeslegen – Har ikkje gjennomført samtrening med legar, sjukepleiarar og ambulansepersonell

– Konsekvensen kan vera at turnuslegen ikkje får den støtta han skal ha i jobben som skal gjerast. Det er ein viktig jobb å vera vakthavande lege, skriv Avisa Nordhordland (krev innlogging).

Det seier assisterande fylkeslege Kristin Cotta Schønberg til avisa Nordhordland.

– Det er ein ganske avansert jobb å sitta og besvara legevaktsentralen, difor skal ein ha god kompetanse når ein sit der, seier Schønberg.

– Me får tenka pasienttryggleik

I slutten av november vart det gjennomført eit tilsyn ved Nordhordland legevakt og det vart funne fleire regelbrot. Det kom fram at ikkje alle vikarane har helsefagleg utdanning og erfaring på høgt nok nivå, at dei tilsette ikkje har samtrening, at turnuslegar som har vakt ikkje har lege i bakvakt som kan rykka ut om det er naudsynt og at rutinane for dokumentasjon av pasientopplysningar ved Nordhordland legevakt er mangelfulle og inneber for høg risiko for svikt i pasientbehandlinga. Årsaka er at sjukepleiarane skriv i eit system og legane i eit anna.

– Svekkar beredskapen

Også punktet med manglande samtrening på tvers av fag og etatar tek dei tak i og vil innføra eigne fagdagar frå hausten av.

– Det må me berre få i stand, seier legevaktsjef Dag Jørgen Brochmann.

Les meir om saka hjå Nordhordland (krev innlogging)