«Akuttmedisinforskrifta» – eit byråkratisk drama i tre delar

Om helseministeren foreslo å leggja ned fleire tital legevakter rundt om i landet, ville det bli storm. Eller? spør kommuneoverlege Ingebjørn Bleidvin i Bergens Tidende.

Foto: Thinkstock

Forskrifter er lange, nitriste dokument, skrivne på eit vis som sug det meste av livsglede og tiltakslyst ut av lesaren. Berre dei som er heilt, heilt nøydde set seg ned og les forskrifter.

Som kommuneoverlege er eg ein av dei som er nøydde. I mai 2018 trer den nye «Akuttmedisinforskrifta» frå Helsedirektoratet i kraft. Der står det kven som kan jobba på legevakt og kva dei må kunna. Eit nytt krav er at uerfarne legevaktlegar må ha ei bakvakt som kan rykkje ut og hjelpe ved behov.

Dette er knapt noko som skaper oppstuss og overskrifter. Det hadde nok vore meir merksemd kring saka dersom den hadde hatt følgjande tittel «Forslag om å leggje ned ei rekke av landets legevakter».

Det er nemleg mange måtar å sentralisere på.

Den vanskelegaste, mest bråkete og mest brysame er å gå ut offentleg og seie at «me har for mykje av eit eller anna, me treng færre». Dette ender ofte opp med fakkeltog og indignerte Senterparti-fjes på TV.

Ein langt meir stillferdig og effektiv måte er å heve krava og forventingane inntil folk legg ned på eige initiativ, fordi det vert for vanskeleg å drifte ting.

Eit døme er ambulansen. Dei siste femten-tjue åra har ambulansetenesta gjennomgått ei stor endring. Frå å vere ein gul taxi med lov til å køyre fort, er ambulansen i dag ei rullande intensivavdeling. Personalet om bord gjer ting som før var legeoppgåver.

Dette er i all hovudsak positivt. Men det har òg gjort at ein del små ambulansestasjonar i distrikta er blitt utryddingstrua. Med auka kompetansekrav kjem hard konkurranse om dei nyutdanna fagfolka som alle vil ha. Der taper ofte dei minste stasjonane.

Det er òg auka krav om at folk på vakt må vere fysisk til stades på stasjonen, og ikkje sitje heime og vente på alarm. Då må ambulansefolka ha meir betalt, naturleg nok. For rolege, små stasjonar blir dermed snittprisen per utrykking veldig mykje høgare, og helsedirektøren kan rasle med nedleggings-sablane med godt samvit.

Med den nye akuttmedisinforskrifta kom denne utviklinga brasande inn døra til legevakta, som ein bråkete, umogeleg pasient med psykotiske vrangførestillingar.

Dei nye krava om bakvakt, nemnde ovanfor, var nemleg omfattande. Mange distriktskommunar har i hovudsak unge legar som jobbar der ein periode etter studiane, og dermed få legar som kvalifiserer til å vera bakvakt. I vår kommune førte dette i praksis til at me måtte leggja ned den lokale legevakta og gå saman med ei rekke nabokommunar for å ha nok bakvakter tilgjengeleg.

Komitéar og arbeidsgrupper blei nedsette i kommunane i regionen. Høgt gasjerte folk sat i timevis og diskuterte saka. Møter og atter møter vart avvikla. Vaktplanar og lønnsplanar vart førte opp i intrikate rekneark.

Midt oppi dette dumpa det ned ei anna oppdatert forskrift i postkassa. Også denne kom frå Helsedirektoratet, men tydelegvis frå ein gjeng som sit ved eit anna lunsjbord enn dei som hadde laga Akuttmedisinforskrifta. Dei hadde iallfall ikkje snakka saman.

Akuttmedisinforskrifta hadde nemleg ei liste over kva slags ulike godkjenningar som kvalifiserte ein lege til å vera bakvakt. Den andre forskrifta, kjent som «Kompetanseforskrifta» blant vener, slo plutseleg fast at halvparten av desse godkjenningstypane ikkje fanst lenger.

Ut frå dette ville berre éin av totalt tolv legar i vår kommune kunne gå bakvakt. Og han hadde fritak frå vaktteneste grunna alder. Drift av legevakta framover verka stadig meir håplaus. Nye møter og nye diskusjonar i dei interkommunale arbeidsgruppene følgde.

Per i dag, fire månader før det heile skal setjast ut i live, har me framleis ikkje eit endeleg vedtak å halde oss til.

Nokre utviklingstrekk som er lette å kjenna att frå andre offentlege reformer, viser likevel kva retning saka truleg vil ta: Det aukar på med protestar frå irriterte kommunar. Senterpartiet har bedt helseministeren om å utsetja saka. Og; det er ymta frampå om ei «utvida overgangsordning» medan alle får summa seg litt.

Så får me tru Helsedirektoratet til slutt klarar å samla trådane. Dei kan til dømes byrje med å ete lunsj saman litt oftare.

Les heile innlegget hos Bergens Tidende

Print Friendly, PDF & Email

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.