Hopp til hovedinnhold


Spelte jula inn i knallraud ambulanseuniform

Kva gjer du når korpset ditt treng deg til årets julekonsert, men du er på jobb? Jo, då troppar du opp i uniform, skriv NRK Sogn og Fjordane.
Ambulansemedarbeidarane må rykke ut dag og natt. Vinter og vår. Reinert Jensen lèt ikkje det stogge han frå å spele jula inn i Lavik kyrkje.
– Eg tenkte ikkje så mykje over det, men ein håpar på at alarmen ikkje skal gå. Som regel går det jo bra, ler han.
For mange blir det ikkje jul før Fjordbrass Lavik har fylt Lavik kyrkje med juletonar. Midt blant eit svartkledd korps sit ein mann kledd i raudt frå topp til tå.
– Eg sa til AMK at eg skulle spele konsert. Skjer det noko spesielt, så må ein jo berre rykke, seier Jensen.

Alarmen tok til å dure midt i ein song

Det er langt frå første gongen at Jensen må byte ut korpsuniformen med arbeidskleda.
– Det skjer titt og ofte. Ein kollega og eg er med i korpset, så det er ofte at publikum kan sjå ein raudkledd musikant, seier han.
Når ein må vere klar på å rykke ut til hendingar på sekundet, men samtidig vere med på å spele, så kan det skje at alarmen tek til å pipe midt under ein konsert.
– Dirigenten blei skikkeleg sett ut då eg reiste meg raskt for å gå. Han hadde opplevd at folk gjekk under ein konsert, men aldri midt i ein song, ler Jensen.
Les meir om saka hjå NRK