Hopp til hovedinnhold


Døydde etter å ha slått alarm fire gongar

71 år gamle Willy Henry Kleiven forsøkte gjentekne gongar i løpet av natta å be om hjelp, før han døydde. No får både kommunen og operatøren på den interkommunale alarmsentralen skarp kritikk for å ikkje ha skjønt alvoret, skriv NRK Møre og Romsdal.
Det var i desember i fjor Willy Henry Kleiven blei funnen død om morgonen. 71-åringen var ein tidlegare aktiv idrettsmann, men hadde dei siste åra ulike helseplager, og dei pårørande hadde difor kjøpt tryggleiksalarm til faren.
Kort tid etter at heimesjukepleia fann faren død, tok døtrene kontakt med den interkommunale alarmsentralen, og fekk vite at faren hadde trykt på alarmen sin gong etter gong natta før han døydde. Men utan at nokon hadde skjønt alvoret og rykt ut, skreiv Tidens Krav.
Fylkeslegen har det siste året granska kva som eigentleg svikta og slår no fast at både kommunen og operatøren på alarmsentralen har brote helsepersonellova.

– Burde varsla heimetenesta

I rapporten frå fylkeslegen kjem det fram at mannen trykte på alarmen første gongen klokka 00.15, deretter igjen klokka 01.41, 02.18 og den siste gongen 06.10.
Operatøren på alarmsentralen oppfatta ikkje alarmane som alvorlege, og varsla difor ingen.

Får kritikk for 30 år gamle rutinar

Alarmsentralen i Kristiansund har i mange år tatt imot tryggleiksalarmar for nabokommunane. Men granskingane viser at det har vore store manglar i rutinane og i opplæringa av operatørane. Ifølgje fylkeslegen har dei fått tilsendt manualar frå 1986, som ikkje har blitt oppdaterte dei siste 30 åra.
Det kjem også fram at mange operatørar har kjent seg usikre og har mangla nødvendig opplæring.
Les meir om saka hjå NRK Møre og Romsdal