Hopp til hovedinnhold


Ambulanse-strukturen i Helse Førde blir ikkje endra neste år

Helse Førde arbeider med framlegg til ny ambulansestruktur, skriv Sogn Avis.

Ei breitt samansett prosjektgruppe skal i løpet av 2018 koma med framlegg til ny ambulansestruktur i Helse Førde.

Medan dette arbeidet pågår skal det ikkje gjerast vesentlege endringar på området, skriv Helse Førde i ei pressemelding.

I budsjettframlegget for 2018 heiter det at ambulansestrukturen i føretaket skal "i liten grad endrast". For å unngå omfattande kutt blir ramma til kirurgisk klinikk føreslegen styrka med 16,5 millionar kroner i 2018.

Styrkinga gjeld for ambulansedrifta i 2018.

Når framlegget frå prosjektgruppa er klart og har blitt handsama i styret i Helse Førde, vil dette medføra at kostnadene og ramma til kirurgisk klinikk skal justerast i tråd med vedtaket.

Med dette budsjettframlegget kan ein sikra ro rundt ambulansedrifta og dei prehospitale tenestene i Helse Førde medan ei prosjektgruppe arbeider.

Les mer om saken hos Sogn Avis