Hopp til hovedinnhold


Sea King-helikopteret sin vikar på plass i Florø

Frå 1. september overtok CHC Helikopter Service redningstenesta med helikopter i Florø. Men legane som skal jobba om bord har vore skeptiske, etter Turøy-ulukka i fjor, skriv NRK Sogn og Fjordane.

– Midt i fasen der vi inngjekk dette samarbeidet skjedde ulukka på Turøy. Det var nok ein del legar då som vurderte om dei ville vera med vidare, men vi har tatt spørsmåla deira på alvor og no er alle med, seier avdelingssjef for akuttmedisin i Helse Førde, Robert Brennersted.
For etter årevis med helikoptertypen Sea King som redningshelikopter i Sogn og Fjordane vert dei no bytta ut. Før dei nye helikoptera kjem på plass skal helikoptertypen Super Puma vikariera i tre år og tre månader.

Eldre modell

Men sjølv om helikopteret er av typen Super Puma, er det ikkje same modell som styrta på Turøy. Helikopteret er av ein eldre type, med ein annan hovudgirboks, enn det som var involvert i Turøy-ulykka.
Det har heller ikkje blitt omfatta av flyforbodet, som enkelte nyare modellar.
Helikopteret vil vera bemanna 24 timar i døgnet, sju dagar i veka, året rundt. Om bord vel det vera to flygarar, to teknikarar/heisoperatørar og ein redningsmann, i tillegg til ein lege frå Helse Førde.
Les meir om saka hjå NRK