Hopp til hovedinnhold


Ambulansepersonell ville ikkje hente person frå sjøen

– Dei sa dei skulle vidare på andre oppdrag og ikkje kunne bli våte, seier Doris Strandenes til Firda (krev innlogging)

Ho meiner det er feil at badegjester utan helsefagleg kompetanse skal måtte flytte ein som er skadd når helsepersonell er til stades.

– Dei kunne tatt av skoa og bretta opp buksa. Guten sat to-tre meter ute ifrå land og det var fjære og ikkje djupt. Eg spurde om dei ville gått i vatnet om det stod om livet, og jau, då vart det annleis, seier Strandenes.

Ambulansesjef Stian Sægrov har diskutert hendinga med dei to som rykte ut.

– Sett utanfrå kan det sjå rart ut at ambulansepersonell blir ståande igjen, seier han.

Sægrov forklarer at ambulansepersonellet vurderte situasjonen som under kontroll. Dei fekk kontakt med ein person på staden som hadde bore 17-åringen til land, men så bore han ut att i sjøen for å kjøle ned og yte førstehjelp.

– Dei spurde om vedkommande var villig til å ta berebrettet og hjelpe til vidare, noko personen var. Det er sjølvsagt ikkje noko problem for oss å hjelpe til, men sidan dei skal ha vakt i mange timar etterpå tenkte dei at dei kunne ordne det slik framfor å bli våte, seier Sægrov.

Les meir om saka hjå Firda (krev innlogging)