Hopp til hovedinnhold


Ny brannstasjon manglar røykvarslarar og har blokkert rømmingsveg

Arbeidstilsynet er kritiske til garderobetilhøva etter storaksjon mot norske brannstasjonar. I Kvinnherad har dei også andre oppsiktsvekkande manglar. – Flaut, innrømmer brannsjefen til NRK Hordaland.
I slutten av juni hadde brannførebyggande avdeling i Kvinnherad tilsyn på dei tre største brannstasjonane i Kvinnherad. Det var aller første gong kommunen gjennomførte eit slikt tilsyn.
Det dei fann, var mildt sagt oppsiktsvekkande:
Alle dei tre stasjonane mangla røykvarslarar og funksjonelle rømmingsvegar.
Pinleg, innrømmer brannsjef Atle Josdal.
– Me har tilsyn hos andre, og bør kunna visa til at me har det ryddig hos oss sjølve. Dette sender eit dårleg signal. 
– Er det litt flaut?
– Ja, absolutt, seier brannsjefen.
Verken DSB eller Arbeidstilsynet kjenner til at det er tilsvarande tilhøve i andre norske kommunar. Det var lokalavisa Kvinnheringen som først omtalte saka. Josdal understrekar at det ikkje er noko krav om brannvarslingsanlegg.
Arbeidstilsynet driv for tida tilsyn med brannvesenet i heile Noreg. Hovudmålet er å kartleggja om kommunane gjer nok for å beskytta tilsette mot eksponering for støv, gass og røyk.
– Brannmenn og -kvinner er spesielt utsette for kreft og luftvegssjukdommar, forklarar Marita Scott, tilsynsleiar i Arbeidstilsynet Vestlandet.

Har gjennomført 258 tilsyn

Mellom dei bygningsmessige avvika Arbeidstilsynet så langt har avdekt på landets brannstasjonar, stikk særleg garderobane seg ut.
– Brannvesenet har jobba mykje med å redusere eksponering under utrykking og øvingar, men det som ofte står att, er gode garderobetilhøve som skil mellom rein og skitten sone, med tilgang til dusj for raskt å få av røyk og kjemikaliar som er nær huda, seier Scott.
Les meir om saka hjå NRK