Hopp til hovedinnhold


Full forvirring om Høie sin plan for akuttkirurgien i Odda

Helse- og omsorgskomiteen går inn for at akuttkirurgien ved Odda sjukehus vert vidareført som i dag, slik helseministeren foreslår. – Her er ikkje er noko som garanterer mot ei forvitring, seier ein bekymra SV-leiar til NRK Hordaland.
Tidligere: Mister akuttkirurgien i Odda
Tysdag gav Helse- og omsorgskomiteen si innstilling i saka om Odda sjukehus. Det skjer dagen etter at helseminister Bent Høie snudde i sjukehussaka, og lova at den samla beredskapen ved Odda sjukehus skal haldast på dagens nivå.
I innstillinga heiter det at «flertalet i komiteen, medlemmene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet og Venstre, legger statsrådens svar til grunn og vurderer det dithen at det nå er gitt forsikringer om at en grunnleggende akuttberedskap for befolkningen, i tråd med Innst. 206 S (2015–2016), er ivaretatt».
– Vi har fått garantiar for at beredskapen skal haldast oppe på noverande nivå, seier Ruth Grung (Ap), som er saksordførar for saka i komiteen.

– Tryggare enn nokon gong

Grung fortel at det framleis skal vere kirurgar tilknytt sjukehuset, og at dei skal få opplæring til å handtere kompliserte skadar og alvorleg sjuke.
– Det står no breitt fleirpolitisk at Odda sjukehus framleis skal vere akuttsjukehus. Sjukehuset har aldri vore tryggare enn no, seier Grung.

– Ikkje godt nok

Men Senterpartiet, KrF og SV synest ikkje dette er godt nok. Kjersti Toppe (Sp) er ikkje nøgd etter tysdagens innstilling frå helse- og omsorgskomiteen.
Ho reagerer spesielt på at Høie ikkje nyttar omgrepet «akuttkirurgisk beredskap med traumefunksjon», som er nøkkelorda for ei ordning med kirurgar på vakt døgnet rundt.
SV-leiar Audun Lysbakken meiner òg at det er mykje som er uklart.
– Så når Høie seier at den samla beredskapen skal haldast på dagens nivå, er ikkje det godt nok?
– Eg vil i alle fall ha ei konkretisering av kva det betyr. Eg saknar ei klar formulering, og det gjer meg uroleg at ein ikkje kan vere tydelegare. Då vert eg mistenksam.
Les meir om saka hjå NRK