Hopp til hovedinnhold


Livet som lærling

Dei jobbar i lag, bur i lag og veit aldri kva arbeidsdagen vil bringe. Ambulanselærlingane trenar på å bli best på det verste, skriv Helse Fonna.
– Det er eit paradoks, seier Emma Selvig (18) frå Sauda. – Eg vil jo få med meg dei verste tinga for å lære, samtidig vil eg ikkje at slike ting skal skje med folk.
Emma er førsteårs lærling og har jobba på ambulansestasjonen i Haugesund i eit halvt års tid.  Ho har ikkje vore ute på dei tyngste oppdraga enno, men veit at det vil kome.
– Vi må jo få erfaring for å bli gode. Du må utfordre deg sjølv i denne jobben, seier kollega og andreårslærling Veronica Hettervik (30).

Alltid noko nytt å lære

Dei to har heilt ulike vegar inn i yrket som ambulansearbeidar. Emma har gått ambulanselina på vidaregåande i Sauda og fekk læreplass i Helse Fonna. Veronica var legesekretær, men tok eit kurs for åtte år sidan for å kunne jobbe som ambulansevikar. Deretter tok ho fag som privatist og søkte læreplass.
– Du må verkeleg ville jobbe med dette. Det er knallkjekt, men det er ikkje for alle, seier ho.

Profesjonell i tøffe situasjonar

Tunge oppdrag er ein del av kvardagen for ambulansearbeidarane.
– Vi veit jo ofte kva vi køyrer ut til, og førebur oss i bilen når vi er på veg. Både mentalt og på oppgåvene: Kven som skal gjere kva. Så i sjølve situasjonen er vi profesjonelle. Reaksjonane kjem gjerne etterpå, seier Veronica.
– Vi snakkar mykje om oppdraga vi har vore på. Kollegene er ei god støtte. Kanskje lenge etter ei hending kan nokon spørje om det går bra, for alle kjenner til at ein kan få reaksjonar seinare, seier Emma.
Les heile saka hjå Helse Fonna