Hopp til hovedinnhold


Styreleiaren si dobbeltstemme sikra fleirtal for nedlegging

 Innbyggjarane i Odda har protestert i årevis. Men i dag gjekk styret i Helse Fonna inn for å leggja ned det akuttkirurgiske tilbodet ved sjukehuset, skriv NRK Hordaland.
– Det er jo litt dumt. Det kan jo henda at folk treng rask hjelp, og det blir veldig dumt viss det er dårleg vêr og luftambulansen ikkje kjem seg til Haugesund, sa Rebekka Strand til NRK tysdag morgon.
Ho var ein av niandeklassingane ved Odda ungdomsskule som tysdag sette seg på «protestbussen» til nettopp Haugesund, og det som blei ein utvida og oppheita samfunnsfagtime.
Bakgrunnen for saka er helseminister Bent Høie (H) sin nye sjukehusplan. Etter at Helse Fonna har handsama saka, skal Helse Vest ta stilling til vedtaket. Blir det ståande, har Audun Lysbakken (SV) og Kjersti Toppe (Sp) varsla omkamp på Stortinget.
– Vi fryktar dette kan bli starten på slutten for Odda sjukehus. Dei er nøydde til å ha den kirurgiske kompetansen dersom det skal vera tryggleik i tilbodet, og dersom fagmiljøet skal ha berekraftig breidde, sa Toppe til NRK i førre veke.
Styremedlem Solfrid Borge sitt framlegg om å oppretthalda akuttkirurgien fekk berre éi stemme.
Styremedlem Liv Kari Eskeland sitt framlegg om å utsetja nedlegginga fram til konsekvensane var betre utgreidde, fekk fem stemmer.
Det same fekk den opprinnelege innstillinga frå administrerande direktør Olav Klausen, rett nok med eit tillegg om at ein skal laga ein beredskapsplan før nedlegginga. Dermed blei nedlegginga vedtatt med dobbeltstemma til styreleiar Kjell Arvid Svendsen.
Les meir om saka hjå NRK