Hopp til hovedinnhold


Helse Møre og Romsdal er sikta i Sebastian-saka

Helse Møre og Romsdal HF har mottatt ei sikting frå Politimesteren i Møre og Romsdal i samband med Sebastian-saka. Grunnlag for siktinga er at mangelfull organisering av verksemda førte til at det ikkje blei sørga for forsvarleg helsehjelp, skriv Helse Møre og Romsdal.
Bakgrunn: Sebastian (10 md) døde under helikoptertransport og AMK Møre og luftambulanselege får hard kritikk
Les også: Forsøkte gjentatte ganger å få helikopter og Legevaktlege må ta sin del av ansvaret i samband med barnedødsfall
Tilsvar: Slår tilbake og mener at helseforetaket ønsker å bli kvitt henne
Ti månader gamle Sebastian Gils Ødegaard døde i helikopter på veg til St. Olavs Hospital 22. februar 2015. Den lille guten ble født med ganespalte, hjertefeil og feil på tarmsystemet. Guten hadde tilbrakt fleire månader på sjukehus, skriv NRK.
Barneavdelinga i Kristiansund var helgestengt. Guten ble ikkje sendt til Ålesund. Da det til slutt ble rekvirert helikopter var det for seint. Sebstian Gils Ødegaard døde.
 
- Vi har mottatt siktinga frå Politiet i denne alvorlege saka. Dette er noko vi var førebudd på, og vi avventar vidare oppfølging frå Statsadvokaten. Samstundes arbeider vi vidare med tiltak og læringspunkt som blei lagt fram for styret i januarmøtet, seier adm.dir. Espen Remme.
Statens helsetilsyn: – Helseforetaket ga ikke forsvarlig hjelp
Politimesteren i Møre og Romsdal har sendt over saka til Statsadvokaten som avgjer om det skal takast ut tiltale.
I desember 2016 kom sluttrapporten frå Statens helsetilsyn i Sebastian-saka der tilsynet kom fram til at det låg føre forhold som tilsa at dei anbefalte påtalemyndigheitene å ilegge føretaksstraff mot Helse Møre og Romsdal HF. Det blei lagt vekt på at helseføretaket skulle hatt større merksemd rundt det heilheitlege risikobildet i samband med organiseringa av 5-døgnsdrifta av barne- og ungdomsavdelinga i Kristiansund.
Les heile pressemeldinga hjå Helse Møre og Romsdal og les òg om saka hjå NRK