Hopp til hovedinnhold


Sjuke cruisepassasjerar må stadig venta på ambulanse

Hamnesjefen i Aurland fryktar det endar med at liv går tapt, skriv Porten.no.

– I sommar har det vore mykje, og innimellom har me til og med opplevd fleire oppdrag på same dag, seier hamnesjef i Aurland, John Erik Johnsen til Aurlendingen.
Bygdeavisa omtalar  i oktoberutgåva dei mange utrykningane ambulansane har i samband med cruiseanløpa i Flåm. Hovudsakleg er det snakk om ambulansebilar, men ved visse høve også luftambulanse.
Cruisepassasjerane har ein rimeleg høg snittalder og ettersom Aurland ikkje har fast stasjonert ambulanse er det gjort forsøk på å få ein fast ambulanse i kommunen gjennom sommarsesongen. Dette grunna dei store mengdene turistar som vitjar kommunen, derav ein tredel er cruiseturistar.
Helse Førde har ikkje funne det naudsynt med ei slik ordning, i følgje Aurlendingen.
Les meir om saka hjå Porten.no