Hopp til hovedinnhold


Sendt ut frå legevakta - døydde fire timar seinare

Ein tysk turist fekk i august akutte magesmerter og vart henta av ambulanse. Etter å ha blitt undersøkt av lege vart mannen frakta tilbake til hotellet der han døydde fire timar seinare, skriv FørdeBy.
Mannen var ein del av ei gruppe med tyske bussturistar som overnatta på eit av turisthotella i fylket. Då han under opphaldet fekk sterke magesmerter, kontakta tilsette ved hotellet ambulanse.
Mannen vart frakta til legevakta i Førde (SYS IKL - Sunnfjord og Ytre Sogn Interkommunale legevaktsamarbeid IKS), der han gjennomgjekk ei undersøking før han vart køyrd tilbake til hotellet i ti-tida på kvelden. Men mannen vart dårlegare utover kvelden, og kring klokka 01.45 kontakta kona resepsjonen som i sin tur kontakta legevakta.Personell frå brannstasjonen i nærleiken kom til staden klokka 02.00 med hjertestartar.
Luftambulanse vart sendt frå sentralsjukehuset, og kom til staden klokka 02.06. Livet til mannen i 60-åra stod ikkje til å redde, og han vart erklært død kort tid etter.
- Alle prosedyrer fulgt
Legevaktsjef ved SYS IKL Øystein Furnes, opplyser at han kjenner til saka.
- Eg har sett på saka, og kan ikkje sjå at det er gjort noko kritikkverdig frå helsepersonellet si side. Alle normale prosedyrer er fulgt, og hjertet til mannen vart undersøkt. At han vart skriven ut frå legevakta, skjedde i fullt samråd med pasienten og pårørande, seier Furnes til Førdeby.
Les meir om saka hjå FørdeBy