Hopp til hovedinnhold


Fryktar konsekvensane av færre ambulansestasjonar

Sogn regionråd er redde for å miste ambulansestasjonar i regionen. Lærdalsordføraren ser med uro på signala frå Helse Førde, melder NRK Sogn og Fjordane.
Bakgrunn: Ambulansetenesta i Helse Førde er ikkje berekraftig
– Vi har store geografiske avstandar og utfordringar når ting skjer. VI vil behalde minst det tilbodet vi har i dag, seier ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim. 
Tidleg i september vart det klart at Helse Førde vurderer nedlegging av ambulansestasjonar i helseføretaket. I dag er det 21 ambulansestasjonar i fylket i tillegg kjem det båtambulansar og helikopter.
– Vi brukar mykje ressursar på beredskap i Sogn og Fjordane, og det har auka mykje dei siste åra. Vi kan ikkje kome i ein situasjon der ein brukar ein uforholdsmessig stor del på beredskap, slik at det går ut over andre tenester, sa administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad til NRK tidlegare.

Fryktar konsekvensane

Solheim vart overraska då helseføretaket varsla endringane, og meiner beredskapen må haldast oppe.
Les meir om saka hjå NRK