Hopp til hovedinnhold


Heretter skal Gulen-pasientar til Bergen

Frå klokka ti 1. september skal pasientar frå Gulen ikkje lenger til Førde, skriv Avisa Nordhorland.
– Klokka ti blir 113-telefonen kopla til Haukeland i staden for Førde. Samtidig overtar vi ambulansestasjon og dei tilsette som har vore med i Gulen. Det er om lag ti tilsette, seier Guttorm Brattebø til Firda, seksjonsleiar for akuttmedisinsk seksjon ved Helse Bergen.
Som pasient skal du altså ringe same nummer, men det er andre som svarar.

Kan få ny stasjon

Ordførar Hallvard Oppedal (Sp) er nøgd med å komme i mål med forhandlingane som har gått sidan 2010.
Les meir om saka hjå Avisa Nordhordland