Hopp til hovedinnhold


Glade for ny ambulansestasjon

Den nye ambulansestasjon i Lom er ferdig. Dei tilsette gler seg til å flytte inn, skriv Fjuken.
– Den nye ambulansestasjonen vil gje ein betre kvardag for dei tilsette. Nå vil det ta ti sekund å koma seg i bilen, mot to minutt før, seier seksjonsleiar Ottadalen Magne Håvard Forberg.
Onsdag var det synfaring og dei tilsette gler seg til å flytte inn.
I 2005 gjekk ein frå heimevakt til vakt på vaktrom. Ambulansen i Lom har hatt vaktlokale på helseheimen. Ei stund stod ambulansane parkert i eit telt, men i 2006 vart det bygd eiga garasje til bilane.
Den nye ambulansestasjonen er bygd i tilknyting til garasjen og har kosta vel 5,4 millionar kroner. Det er Lom kommune som har bygd ambulansestasjon, medan det er Sjukehuset Innlandet som driftar ambulansane. Stasjonen i Lom er ein av 29 stasjonar i Innlandet. Det er Jora bygg og laft AS som har vore entreprenør. Magne Lunde har vore prosjektleiar.
Garasjen er på 70 kvadratmeter og nybygget 210 kvadratmeter. Stasjonen har fått ljose fine rom, og inneheld stue, kjøkken, seks soverom, toalett, dusj og garderobe. Ikkje minst er dei tilsette glade for å ha fått ein uteplass, der ein kan slappe av i sola i rolege tider.
Totalt 21 årsverk er knytt til seksjon Ottadalen, pluss lærlingar. 14 av desse i Lom, 7 i Vågå.
 
Les meir hjå Fjuken