Hopp til hovedinnhold


Helikopterselskap i minus

Dei to store helikopterselskapa som betener norsk sokkel tapte 350 millionar siste rekneskapsår, skriv Firda.
Både CHC Helikopter Service og Bristow Norway er ein del av internasjonale konsern med rekneskapsperiodar som går frå vår til vår (mars/april).
Rekneskapane viser at CHC fekk eit driftsresultat før skatt på minus 238,2 millionar kroner, mens Bristow tapte 111,3 millionar kroner før skatt, skriv Sysla.
I årsmeldinga skriv CHC at inntektene i siste rekneskapsår gjekk noko opp i ein utfordrande marknad, mens lønn og sosiale kostnadar auka med 11,6 prosent, mykje på grunn av at pensjonskostnadane vart drivne opp.

Små marginar

Ifølge årsmeldinga ser selskapet lyst på framtida, og også Bristow trekker fram kostnadskutt som ei prioritert oppgåve. Selskapet definerer marknaden som svært konkurranseutsett, med små fortenestemarginar.
Tidlegare i mars vart det også klart at CHC vann kontrakta om å drive redningshelikopter i Florø i 2017-2022.
Les meir om saka hjå Firda