Hopp til hovedinnhold


Redningsaksjon for å berge skadd skiløpar

Eit ambulansehelikopter har gjort fleire forsøk på å hente ein skadd skiløpar i Horsgårddalen i Molde. På grunn av snøbyger måtte helikopteret snu. Mannen blir henta ned med ATV av Røde Kors, skriv NRK Møre og Romsdal.
Ei gruppe med fjellvande skiløparar varsla AMk-sentralen klokka 14.37 i dag om at ein i turfølget var skadd i ryggen etter eit fall. Eit ambulansehelikopter gjorde fleire forsøk på å flyge inn til området, men måtte snu på grunn av tette snøbyer.
Politiet og Røde Kors vart difor bedne om å hjelpe til i redningsarbeidet klokka 16.45.
– Mannen skal vere skadd etter eit fall på ski. Slik vi forstår har han ikkje ramla frå noko høgde, seier Frode Gjøsund. Han er operasjonsleiar for Nordmøre og Romsdal.
Det var også vanskeleg å ta seg fram med Røde Kors sin ATV. Difor vart Hovedredningssentralen varsla og Sea King helikopter var på veg.
Les meir om saka hjå NRK