Hopp til hovedinnhold


Talet klagesaker har nær dobla seg

Innbyggjarane i Sogn og Fjordane klagar stadig meir på helsetenestene. Klagene går ikkje lenger berre på behandlinga, men også på servicen dei får som pasientar, skriv NRK Sogn og Fjordane.
I 2008 fekk Fylkeslegen 68 klager frå folk som hadde fått behandling i helsevesenet i fylket. I år vil truleg talet klager nå 150.
– Vi opplever at talet på tilsynssaker har auka med nesten 100 prosent, seier fungerande fylkeslege Jacob Andersen.
Andersen ser også ei endring i kva det blir klaga på.
– Eg vil ikkje seie at klagene ikkje er rettkomne, for det er dei fleste klagene. Men frå at ein før berre klaga på behandlinga, klagar ein no også på servicen.
– Til dømes at ein fekk dårleg mat, at ein ikkje vart snakka til på ein omsorgsfull måte, at ambulansen køyrde ein omveg eller at det var kaldt i ambulansen, ramsar Andersen opp.

Trur årsaka er todelt

Ein del av dei som klager, gjer det via eller ved hjelp av Pasient- og brukarombodet. Lisa Førde Refsnes trur årsaka til klageauken er delt.
– Det eine er at helsetenestene i dag har større fokus på å orientere om klagerettane, seier ho og held fram.
– Men pasientar og brukarar har også blitt meir bevisste på å melde frå om uheldige hendingar eller klage på pasientrettar dei meiner ikkje er oppfylte.

Dårleg kommunikasjon

Andersen og Førde Refsnes finn også ein annan fellesnemnar i klagene, nemleg dårleg kommunikasjon.
– Eg har sagt det fleire gonger. Om helsevesenet hadde blitt flinkare på kommunikasjon hadde vi truleg halvert talet saker, seier pasient- og brukarombod Lisa Førde Refsnes.
Les meir om saka hjå NRK