Hopp til hovedinnhold


Det går mot sivil drift av redningsbasen i Florø

Redningsbasen i Florø skal mest truleg over på privat drift i perioden 2017 og tre til fem år framover, skriv Vest24.
Bakgrunn: Redningshelikoptertenesta blir lagt ut på anbod
I februar skreiv avisa at Justisdepartementet vurderte privat drift av redningshelikopterbasen i Florø for ein periode, for å avlaste 330-skvadronen i samband med innføring av nye redningshelikopter.
No er prekvalifiseringa til ein anbodsrunde for privat drift i Florø snart over, og det går truleg mot sivil drift.
– Vi har hatt ein prekvalifisering som går ut denne månaden. Dei som er kvalifiserte vil få høve til å levere inn anbod med frist i oktober, opplyser Bjørn Ivar Aarseth, prosjektleiar for Nawsarh, prosjektet som har ansvar for dei nye redningshelikopterene.

Forhandlingar i haust

Det er planlagt oppstart av privat drift i Florø frå hausten 2017, om Justisdepartementet blir einig med ein privat aktør.
Redningsbasen skal ha det same omfanget som i dag, med eit primærhelikopter og ei backupløysing. Sistnemnde må ikkje nødvendigvis vere stasjonert i Florø. Personellet skal gjennom eit omfattande treningsprogram i forkant, med etterfølgande årleg trening.
Antall oppdrag for den private helikopterbasen vil ligge på ca. 140–150 i året, der to tredelar er SAR, «search and rescue», og ein tredel er ambulanseoppdrag. Det kjem fram av prekvalifiseringsdokumenta.
Les meir om saka hjå Vest24