Hopp til hovedinnhold


Redningshelikoptertenesta blir lagt ut på anbod

Justisdepartementet vil at private aktørar skal overta drifta av redningshelikopterbasen i Florø frå 330-skvadronen til Forsvaret, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Drifta av basen og redningshelikopteret er no lagt ut på anbod som skal gjelde for dei komande tre og eit halvt åra.
Statssekretær Gjermund Hagesæter frå Framstegspartiet slår fast at beredskapen ikkje skal bli svekka sjølv om ein no skal bruke private aktørar.
– Det er gjort ei heilskapleg vurdering av Regjeringa i forhold til dette, men eg vil understreke at dette er ei mellombels løysing. Forsvaret skal vere operatør i Florø på sikt.
– Det er også ein føresetnad at den sivile operatøren skal levere ei like god teneste og utføre dei same oppdraga som i dag blir utført, seier Hagesæter til NRK.no.
Les meir om saka hjå NRK