Hopp til hovedinnhold


Fylkeslegen: Døyande pasient fekk ikkje forsvarleg helsehjelp

Fylkeslegen kritiserer Helse Førde for å ha brukt lenger tid enn naudsynt på å få ein pasient til Haukeland universitetssjukehus. Pasienten døydde på veg til Bergen, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Sogn Avis: Pasient døydde i luftambulansen
– Vi konkluderer med at helseføretaket ikkje har ytt forsvarleg helsehjelp. Vi ser ei kjede av svikt som samla sett gjer at behandlinga av pasienten var uforsvarleg, seier assisterande fylkeslege Jacob Andersen.
I 2014 fekk ein pasient ein akutt, livstrugande tilstand.
– Pasienten vart behandla i den akuttmedisinske kjede, det vil seie ambulanse, legevakt og lokalsjukehus. Det vart funne grunn til å flytte pasienten til Haukeland, men pasienten døydde undervegs til Haukeland, seier Andersen.
Helse Førde granska saka sjølv, og melde saka til Statens helsetilsyn. Helsetilsynet bad Fylkesmannen om å gjennomføre tilsyn. No har fylkeslegen konkludert, og i ein omfattande rapport kritiserer fylkeslegen mellom anna at

  • det burde vore konstatert at pasienten hadde ein livstruande tilstand og var ustabil på eit tidlegare tidspunkt.
  • det etter endeleg diagnose låg føre tok 30–40 minutt å rekvirere luftambulanse.
  • pasienten ikkje vart levert til luftambulansen til avtalt tid.
  • ambulansen og luftambulansen måtte vente fordi pasienten ikkje var klar til transport.
  • at det før pasienten skulle fraktast til Haukeland var uklart om pasienten skulle ha blod, om pasienten skulle ha med seg blod under transport, og kven som i så fall hadde ansvar for å skaffe blod.

Vil ikkje spekulere om pasienten kunne overlevd

Fylkeslegen seier det er vanskeleg å seie om pasienten kunne overlevd med forsvarleg helsehjelp.
– Prognosen var sopass alvorleg at det er vanskeleg å seie at hendingsgangen var utslagsgivande for utfallet. Men vi har peika på ei lang rekkje svikt som gjorde at endeleg transport til Haukeland blei forlenga, seier Andersen.
Les meir om saka hjå NRK