Hopp til hovedinnhold


Overraska over «First responder»-plan

Brannvesenet reagerer på at dei ikkje har blitt informert, eller spurt, om dei vil vere ein del av ei lokal utrykkingsgruppe, skriver Ryfylke.
– Eg blei tipsa om at det stod i avisa. Det var fram til då heilt ukjent for oss i brannvesenet. Det har vore nemnt til brannmeister Inge Seim i forbifarten ein gong. Han oppfatta det ikkje som anna enn eit spørsmål om dette var noko vi jobba med, seier brannsjef i Sauda kommune, Harald Eikrem.
For to veker sidan skreiv Ryfylke at Helse Fonna og dei involverte kommunane i ei muleg felles legevaktordning ser på ei mogleg oppretting av ei lokal utrykkingsgruppe. Såkalla «first respondere» er ei ordning der lokalt brannvesen, heimeteneste eller andre blir varsla via AMK. Desse skal så rykke ut med hjartestartar i påvente av ambulanse- og legevaktslege, i situasjonar der desse ikkje er i umiddelbar nærleik. Desse planane har altså ikkje brannvesenet i Sauda vore kjent med.
Les mer om saken hos Ryfylke