Hopp til hovedinnhold


Ambulansen hamna i grøfta på glatta

Ein ambulanse hamna utfor vegen ved Osen bru i Gaular, skriv NRK Sogn og Fjordane.
– Ein av bilane våre har sklidd av vegen mellom Bringeland og Osen bru. Det skal vere ein pasient som skulle ut frå sjukehuset tilbake til kommunal institusjon. Det er ikkje meldt om skade verken på pasient eller våre tilsette, seier Stian Sægrov, som er leiar for ambulansetenesta i Sogn og Fjordane.
NRK sin reporter som reiste forbi staden, seier at det var så glatt i området at det knapt var mogleg å stå i ro. Også fleire andre stader i fylket blir det meldt om utfordrande køyreforhald og glatte vegar.
Les meir om saka hjå NRK