Hopp til hovedinnhold


Dette bør du gjere om du kjem først

Vegen framfor deg kan plutseleg vere stengd av ein vegg med snø, av jord og store tre eller av steinar store som bilar. Då er det viktig at du handlar rett, skriv NRK Sogn og Fjordane.
I snitt går det minst eitt ras kvar einaste dag, på ein eller annan veg i Norge. Det kan vere alt frå småstein til steinblokker store som hus, eller snø eller jordskred som er så store at det fleire dagar å rydde det.
Mange kan difor plutseleg bli dei som kjem først til staden. Då kan det vere lurt å ha tenkt over kva ein skal gjere.
– Noko av det viktigaste er å tenkje på eigen tryggleik, seier Per Ove Fossheim som er prosjektleiar i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane.
For mange er det den store skrekken å komme midt inn i eit skred. Nokre gonger går det skikkeleg gale, og i perioden frå 2001 til 2011 var det i snitt ein person som miste livet i ras langs vegane kvart år.
– Når folk kjem først på ein slik plass er det viktig at dei hindrar andre å køyre inn i området. Folk bør tenkje på eigen tryggleik, dei bør trekkje seg tilbake og finne ein trygg plass der bilen kan stå, seier Per Ove Fossheim i Vegvesenet.
Det er om å gjere å handle fortast mogleg.
– Ein bør raskt få på naudblinken på bilen. Sett gjerne opp varseltrekant for å varsle andre, og stogg andre bilar som er på veg inn i området, seier Fossheim.

Varsle om det du ser fortast mogleg

Det neste er å varsle. Er det mistanke om at folk eller bilar er tekne må ein varsle politi eller AMK raskast mogleg. Dei vil vite kva som har skjedd og kor det har skjedd.
Les meir om saka hjå NRK