Hopp til hovedinnhold


Teipa sikta på hender og føtter

Ambulansepersonell og brannmannskap forhandla i 30 minutt med mannen som drap tre menneske på ein buss før han overgav seg. Gjerningsmannen blei teipa fast på hender og føter, skriv NRK Sogn og Fjordane.
Bakgrunn: Brannmenn pågrep drapsmann med pulverapparat
Mer om Årdal-drapene: Ambulansetjenesten måtte vente en time på politietBrannfolkene frustrert av å vente på politietPoliti og ambulanse fikk gisselvarsel samtidig
Les også: Frykter at tregt politi skal koste liv
Politiet kom først til staden etter at mannen vart tatt hand om. For ambulansepersonalet vart dette eit svært krevjande oppdrag. Ole Marius Folkestad og Øystein Walaker køyrde ambulansen og var den andre bilen på staden.
– Det var ein spesiell situasjon. Det er vanskeleg å beskrive den, seier dei to.
Saman med dei brannmannskap fekk dei lagt mannen i bakken og teipa hender og føter. Der låg han til politiet kom og fekk sett på handjern.

Anspent stemning

På veg mot fjellet fekk dei to først melding om at det var ei bussulukke på Filefjell. Undervegs fekk dei vite at det var ein mann med kniv i bussen.
– Vi kom fram som den andre bilen og blei møtt av ein frå brannvesenet som hadde skadestadsansvaret. Vi melde oss for han og organiserte oss.
– Kva tankar gjorde du deg då det var kniv involvert?
– Då byrja vi å vurdere vår eiga tryggleik. Det var også ei løpande vurdering vi hadde.

Dei vurderte at det ville vere tryggast at personen blei halden inne på bussen sidan han hadde kniv.
– Vi gjekk inn for å halde han inne på bussen og han skulle få komme ut om han gjorde det uvæpna. Det var anspent stemning, men samstundes roleg.

Såg at sjåføren var død

Det blei fort stadfesta at sjåføren var død. Men dei visste ikkje kor mange andre som var i bussen.
– Vi visste ikkje noko om helsetilstanden til dei og var også usikre på kor mange som var i bussen.
– Kva syn var det som møtte dykk på bussen?
– Det kan eg ikkje gå inn på.

Fekk han ut utan kniv

Redningsmannen på luftambulansen hadde ein dialog med mannen og klarte å roe han ned. Brannmenn væpna seg med hammarar og eit pulverapparat. Frå Folkestad og Walalker kom fram til Holsbruvatnet og til mannen var sikra ut, tok det om lag 30 minutt.
Les meir om saka hjå NRK