Hopp til hovedinnhold


Helse Bergen innfører triagesystem

– Den største forskjellen frå før og etter SATS, er at alle pasientar no får same vurdering og prioritering uavhengig av kven som er på jobb og kva slags problemstilling dei har, fortel prosjektleiar for SATS Norge ved Haukeland universitetssjukehus, Merete Eide på Helse Bergens nettsider
(SATS står for South African Triage System, og Helse Bergen har tilpassa ein versjon av dette til norske forhald. Svært mange andre norske ambulansetjenester har tatt i bruk RETTS som er et svensk triagesystem som måler vitalparametre for å kunne avgjere pasientens hastegrad før man leverer vidare til akuttmottaket eller andre instanser. Dette syntes bergenserne var for komplisert.)
Lik vurdering uansett
– Den største forskjellen frå før og etter SATS, er at alle pasientar no får same vurdering og prioritering uavhengig av kven som er på jobb og kva slags problemstilling dei har, fortel prosjektleiar for SATS Norge ved Haukeland universitetssjukehus, Merete Eide.
Ho fortel at det tidlegare ikkje har vore ein einsarta oppfatning av kva pasientar det hastar mest med, med unntak av nokre få grupper som dei med akutt hjarteinfarkt eller alvorlege ulukker.
– I utviklinga av SATS Norge har Akuttmottak og ambulansetenesta på Haukeland samarbeidd med legar frå dei ulike avdelingane på sjukehuset for å bli einig om kva som skal observerast og vurderast, og korleis pasienten skal prioriterast på bakgrunn av dette. Målet er at når vi bruker SATS bidreg det til at pasientane får rett ressurs til rett tid på rett stad, seier Eide.
På bakgrunn av dei kliniske vurderingane som er gjort av personalet på ambulansen, veit Akuttmottak om det skal stå ressursar klar når pasienten kjem fram til sjukehuset. Både kva slags ressursar eller om tilstanden til pasienten gjer at han eller ho kan vente litt . Når fleire gjer dei same målingane vil det vere lettare å sjå korleis tilstanden til pasienten utviklar seg, noko som er viktig for å planlegge vidare behandling.
Les meir om saka hjå Helse Bergen