Hopp til hovedinnhold


Ambulansetenesta vil bli for dyr - Helse Førde vil ha gjennomgang

Kostnadene med ambulansetenesta i fylket vil auke så mykje dei komande åra at Helse Førde ikkje har økonomi til å bere det, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Les og: Helse Førde må igjen spare pengar

Dette går fram av ei saksutgreiing som styret i Helse Førde skal sjå på når dei har møte i Lærdal i dag.
Forslaget til styret er å ta ein totalgjennomgang av tenesta og lage ein samla plan, seier klinikkdirektør Tore Dvergsdal.

– Det har vore store omveltingar både innanfor kommunikasjon, kompetansekrav til tilsette og andre ting. Difor føler vi at tida no er inne for å sjå på heile tenesta på nytt, og vurdere korleis den skal sjå ut i framtida, seier han.

Av omsyn til kompetanse og økonomi

Helse Førde har i dag 19 ambulansestasjonar og fire båtar knytt til ambulansetenesta. Tenesta har auka med 54 årsverk dei siste fem åra og kostnadene har auka med 50 millionar kroner.

Med nye krav til bemanning, utstyr og vaktordning vil dagens organisering av ambulansetenesta bety ytterlegare 50 millionar i auke dei komande to åra. Både økonomi og auka krav til kompetanse er grunnen til ein totalgjennomgang, seier Dvergsdal.

Ei anna utfordring er å gje dei tilsette i ambulansetenesta nok oppdrag til at dei kan halde kompetansen ved like i grisgrendfylket Sogn og Fjordane.

Les meir om saka hjå NRK