Hopp til hovedinnhold


Thea (13) berga i siste liten

Legen på legevakta kalla det angst og ville sende Thea (13) heim. Det kunne enda heilt gale. Thea hadde organsvikt og uoppdaga diabetes.

Legen på legevakta kalla det angst og ville sende Thea (13) heim. Det kunne enda heilt gale. Thea hadde organsvikt og uoppdaga diabetes, skriv Sunnmørsposten.
Pappa Kato Gangstad måtte støtte henne inn på legevakta i Ålesund. Ho var så dårleg at ho gjekk rett forbi dei to, tre som sat der og venta. Ho pusta dobbelt så raskt som det friske gjer. Legen såg på henne. Oppdaga nokre kloremerke på hendene.
– Så sa han at det var angst og at vi berre skulle fare heim igjen.
Kato Gangstad fortel at han såg sjukepleiaren rynke litt på nasen.
– Då legen gjekk ut, sa ho at no gjorde ho noko ho ikkje burde gjere. Men ho hadde sett dette før og gjort ein feil. Det hadde ho angra på sidan. Ho kalla det organsvikt og sa vi måtte få Thea innlagt.
Det vart målt blodtrykk. Det var høgt. Og sidan Thea hadde vore dårleg nokre dagar med oppkast, ville faren at ho skulle få målt blodsukkeret. Det var kritisk høgt. Thea vart frakta med ambulanse dei få hundre metrane frå legevakta til akuttmottaket på sjukehuset. Thea sjølv var vaken, men no etterpå huskar ho ingenting av det.
Det krydde av folk rundt Thea. Alle prøvde å finne ei blodåre der dei kunne få lagt inn ei kanyle til medisin og anna intravenøs væske. Dei stakk og stakk. Til slutt måtte dei bore i leggbeinet for å få gitt henne det som trengdest.
Les meir om saka hjå Sunnmørsposten