Hopp til hovedinnhold


– Gjørv-kommisjonen har ikkje gitt oss fasit

– Eg er ikkje så redd for etterpåklokskap etter 22. juli, snarare for at debatten har døydd bort etter at Gjørv-kommisjonen kom med sin rapport. Då kan me enda opp med feil svar, seier Geir Sverre Braut, assisterande direktør i Statens helsetilsyn.

– Eg er ikkje så redd for etterpåklokskap etter 22. juli, snarare for at debatten har døydd bort etter at Gjørv-kommisjonen kom med sin rapport. Då kan me enda opp med feil svar, seier Geir Sverre Braut, assisterande direktør i Statens helsetilsyn til Stavanger Aftenblad.
Braut har i mange år arbeidd med læring etter ulukker og katastrofar. Han har undervist i samfunnssikkerheit på Universitetet i Stavanger, og syr nå saman materiale til ei doktorgradsavhandling på feltet.

Kva kunne dei vita?

Den sentrale helseembetsmannen gir Gjørv-kommisjonen ros for å ha levert ein god og grundig rapport, men stiller seg samstundes undrande til ein del sider ved rapporten:
– Kommisjonen har lagt til grunn eit ganske mekanisk risikoomgrep, ein kombinasjon av sannsynlegheit og konsekvens, som passar godt for bygging av bruer og offshoreinstallasjonar, men som kanskje ikkje er like tenleg i møte med menneske og samfunnsinstitusjonar. Det kan føra til at me undervurderer den uvissa som det alltid vil vera i slike krisesituasjonar, seier Braut.
Han meiner dette gir seg utslag på minst tre måtar:
– For det første legg rapporten til grunn eit klarsyn blant dei som var i første linje som dei ikkje kunne hatt i dei kritiske timane 22. juli. Kva såg dei for seg der og då? Var det fleire enn ein gjerningsmann? Kunne dei risikera bakhaldsangrep? I ettertid veit me svaret, men kommisjonen burde fått tydelegare fram det forvirrande mangfaldet av informasjon som var bakteppet for handlemåten.
For det andre er det for enkelt å slå fast i ettertid at liv kunne ha blitt redda om politiet hadde vore på øya 20 minutt før. Me veit ikkje korleis gjerningsmannen då ville oppført seg, om han hadde skunda på drapa, kanskje skote seg sjølv til slutt. Ulike forløp var tenkelege.
For det tredje er det viktig at me ikkje berre skal ta lærdom av det som svikta, men også av det som fungerte. Og det er eit faktum at Norge ikkje stoppa opp om kvelden 22. juli og dagane etterpå. Alle nødvendige samfunnsfunksjonar heldt fram, trass i at me hadde opplevd den verste katastrofen sidan krigen. Folk fekk hjelp. Det er eit kvalitetstrekk ved det norske samfunnet, meiner Braut.
Les meir om saka hjå Stavanger Aftenblad